Flytting av bikube over korte avstandar er problematisk, då trekkbier vil flyge heim til den gamle bigarden der bikuben var før. Problemet kan minimerast ved å setje opp greiner tett inntil flyopninga når kuben er flytta. Biene kjenner seg ikkje att når dei skal ut – og vil reorientere seg. Buskaset kan fjernast etter ei tid.
Skribent: Lars Helge
Aktivitet ved kuben
Bigarden på Almås – påsken 2015. Det har vore vekslande vêr, og eg har ikkje fått opna kubane enno. Innimellom har biene henta inn litt pollen. Først på Krokus, og no ser det ut som dei har funne litt selje.