Nordisk brun bie (Apis Mellifera Mellifera) som dreg tungt på pollen. Dette var på lyngtrekket som ikkje vart noko særleg av i 2014.
Skribent: Lars Helge
Pollenfelle
Bjarte Tennfjord si pollenfelle på Sotra, Mai 2014
Birøktarkurs – fjerde kurskveld 2014
Den 22. mai hadde me nytt treff med birøktarkurset – denne gongen på Stend rett bak den gamle jernbanestasjonen.
Temaet denne gongen var ‘vårarbeid’ , me skulle gå igjennom ein del kubar for å sjå etter svermeceller, og setja på skattekasse. Skattekassane satte me saman av ei blanding av utbygde tavler og tavler med byggevoks, samt at me flytta opp tavler frå den øvste ynglekassen som skulle innehalde ei blanding av pollen, nektar og gjerne litt yngel. Trikset var jo då å ikkje få med dronninga over dronninggitteret.
Me fann ein kube som var i sverming. Her flytta me gammal dronning over i ny kube og lot det stå igjen ei dronningcelle i den gamle.